Skulen held til i 2. etg på Tricobygget i Kyrkjegata 73 i Ørsta, ein flott nedlagd funkis trikotasjefabrikk. Her har vi tre lyse, gode dansestudio med garderobar, omkledningsrom, pause/venterom og kostyme- og rekvisitalager. Vi har også leiligheit til den eine pedagogen vår her.

Studio 1

Studio 2

Studio 3

Studio 1 vert brukt til klassisk og moderne danseundervisning. Det har parkettgolv med svikt og heildekkande danseteppe. Her er air-conditionanlegg og varmepumpe. Studioet har garderobe med dusjar tilgjengeleg.

Studio 2 vert brukt til jazz og hip hop-undervisning. Det har tjukt sportsgolv med dekkande danseteppe. Romet har varmepumpe og vindauger kan opnast. Studioet har garderobe med dusjar tilgjengeleg.

Studio 3 vert brukt til jazz og hip hop-undervisning. Det har tjukt sportsgolv med dekkande danseteppe. Romet har varmepumpe og vindauger kan opnast. Studioet har garderobe med dusjar tilgjengeleg.