Med 450 elevar er Ørsta og Volda Ballettskule ein stor og viktig institusjon for dans.

Ørsta og Volda Ballettskule starta i det små hausten 1986, som ei undergruppe av Ålesund Ballettskule og med undervisning på festsalen ved Volda gymnas. Seinare vart skulen sjølvstendig og undervisninga flytta til salen på Møre Folkehøgskule i Ørsta. På midten av 1990-talet overtok ballettskulen ein sal på Tricobygget i Ørsta, og skulen har no flotte, lyse lokale der. og tre dansestudio med alle fasilitetar.

I dag har Ørsta og Volda Ballettskule to profesjonelle pedagogar og fleire assistentar i små stillingar. Vi er ein av landets største ballettskular, med ca. 450 elevar fordelt på klassisk ballett, contemporary, jazzballett, stepp, musikalteater og hip hop. Elevane er i alderen 5 – 21 år og vi har ingen reservebenk.

Vi har også klasse for vaksne. Ta gjerne kontakt med oss!

 

Foreldredriven skule

Ørsta og Volda Ballettskule er den einaste foreldredrivne ikkje-profitt ballettskulen i fylket. Den vart starta og vert driven av foreldre til elevar ved skulen. Styret, som er valt på årsmøte, har ansvaret for drifta og styreleiar har rektoransvaret på frivilleg basis. Skulen får ikkje kommunal driftsstøtte. Elevkontingenten, sponsorstøtte, vaksenopplæringsmidlar og inntekta frå framsyningar i lag med gåver frå lag og organisasjonar sikrar skulen økonomisk.

Ynskjer du å vere sponsor? Ta kontakt med oss i styret.

Aktiv skule

Ørsta og Volda Ballettskule set opp minst fire store framsyningar i året i Ørsta Kulturhus. Om våren dansar klassisk ballett og contemporary på ei stor framsyning i lag. Jazzballett og hip-hop-dansarane har også ei eiga framsyning ei anna helg på våren. Før jul set ballettskulen opp ein vintermatiné, der alle dansarane syner kva dei har jobba med i løpet av hausten. Dei yngste dansarane  set opp ei eiga lita framsyning på studio. Alle elevane får vere med på framsyningar i løpet av året. Nokre år har klassisk ballett-elevane eiga framsyning før jul med stykke som Nøtteknekkaren og Snødronninga, og vi har ved fleire høve invitert med profesjonelle dansarar ved slike høve. Det hender også at elevane dansar på andre større arrangement som t.d. Dei nynorske festspela. I tillegg dansar grupper frå skulen ved ulike tilstellingar i både Ørsta og Volda.

 

Studieturar og workshops

Dei siste 7 åra har skulen arrangert studieturar til utlandet. Elevane som vert med får undervisning av dyktige pedagogar og dei får sjå ulike framsyningar ved operahus og teater. Til no har skulen vore i København, Gøteborg, Praha, London, Edinburgh og Aberdeen. Dette er både lærerike og populære turar. Elevane og dei vaksne som er med betalar turane sjølve, eller dei gjer ulike dugnadstiltak som gir pengar til reisekassa.

Ballettskulen jamleg besøk av gjestepedagogar frå inn- og utland, som har gitt dei eldste elevane intensiv undervisning på studioet vårt. Vi har hatt pedagogar som har undervist i moderne dans, jazz og hip hop. Påmelding til slike work-shops skjer på oppslag på studio.