Ørsta og Volda Ballettskule vil at elevane bruker klede slik vi skildrar det under. Det betyr ikkje at de må kjøpe nytt om de har utstyr som passar, men at de når eleven treng nytt utstyr skaffar drakter og sko slik det er beskrive her. Når elevane har same type drakter er det enklare for oss å bruke dette når dei skal opptre. Er de usikker på skotyper kan de rådføre dykk med lærar.

Ballettdrakter og sko kan bestillast hjå t.d. Piruetten tlf 32 83 27 92, eller dansebutikken swing it tlf 55 32 27 73

I Oslo er det også ballettklede fleire stader, td Doda Dansebutikken på Byporten.

Merk at Ballettskulen også sel rimelege strømpebukser, sko og somme klassiskdrakter. Du kan betale med VIPPS.

Styret vert tilstades første veka på skulen, slik at du kan bestille det du treng.

KLASSISK BALLETTKLASSER

Primary og Grad 1
Lys rosa ballettdrakt med t-skjortearmar, rosa ballettsko og rosa ballettstrømpebukse.

Grad 2, Grad 3, Grad 4, Grad 5
Marineblå eller kongeblå ballettdrakt, med t-skjortearmar rosa ballettsko og rosa ballettstrømpebukse.

Grad 6, Grad 7 og Elementary/Advanced
Svart ballettdrakt, rosa ballettsko/tåspissko og rosa ballettstrømpebukse. Håret for klassisk- og contemporary-klassar skal vere vekk frå ansiktet og satt opp i hårtopp.

CONTEMPORARY BALLETTKLASSER

Tettsittande overdel t.d ballettdrakt eller singlet. 
tights eller tjukk strømpebukse og shorts
ballettsko eller sokkar. Hår for contemporary klasser: håret skal vere vekk frå ansiktet og satt opp i knute.

 

JAZZ KLASSER OG MUSIKAL

Tettsittande overdel t.d ballettdrakt eller singlet.
svart bukse som er tettsittande til under kne (elastisk stoff) gjerne ”jazzbukse”. Eventuelt sko:
 jazzbegynner til jazz 4: svarte jazzsko medheil såle.
jazz 5 og oppover: svarte jazzsko med delt såle, ”dance-sneakers” — Høyr med lærar om det er naudsynt med sko. Håret skal vere vekk frå ansiktet og i hestehale eller fletter.

HIP HOP

Ledige treningskle, t.d. Joggebukse og t-skjorte, sokkar eller innandørs joggesko.

KLOKKER OG SMYKKER SKAL IKKJE BRUKAST I TIMANE. DET ER IKKJE LOV MED TYGGEGUMMI OG BRUS