Show skuleåret 2018/2019

Vårshow:

Jazz og Hiphop: 25.-26. mai 

Klassisk og moderne: 15.-16. juni

Å koreografere er mykje arbeid. Om borna ubegrunna ikkje møter på treningane før showet, kan dei bli fjerna frå dansen. Dersom du veit at barnet ditt ikkje kan eller ynskjer å delta på framsyningane, gjer vel og meld frå snarast råd, slik at pedagogen kan ta omsyn til dette i koreografien. I samband med showa kan det kome ekstra øvingar, oftast veka før.

Foreldremedverknad under show

Framsyningane er for mange årets høgdepunkt! Det er mykje logistikk og foreldremedverknad er ein føresetnad for å få dette til.  Styret set opp vaktlister for framsyningane. Dersom du ikkje kan på oppsett dag/vakt, må du sjølv bytte med andre foreldre. Vi ynskjer mange vakter, slik at framsyningane skal vere ei trygg og god oppleving for borna. Alle foreldre får høve til å bestille billett til ei av framsyningane, slik at du ikkje må vere bak scenen på begge showa. Her er vi avhengig av godt samarbeid.

Informasjon om vårshowet 2019:

INFORMASJON OM SHOWVEKA TIL FELICIA SITT SHOW.
20. MAI TIL OG MED 26. MAI.

Dansarane ilag med Felicia og Paula skal sette opp ”Alice i Draumeland”.

Dette vert ei framsyning som går utan stopp mellom dansane, difor trengst det ekstra øvingar.

MØTEPLIKT framover.

Måndag 20.mai:
ALLE møter kl 17:00 på studio. Øving av heile framsyninga.
Ferdig ca kl 19:00.
Utan kostymer. I vanlege dansekle. Sett av skoa / ytterkle på studio 2.

Tysdag 21.mai:
ALLE møter kl 17:00 på studio. Øving av heile framsyninga.
Ferdig ca kl 18:30.
Utan kostymer. I vanlege dansekle. Sett av skoa / ytterkle på studio 2.

Onsdag 22. mai:
Sceneprøve på Ørsta Kulturnus. Utan kostymer. Lette dansekle.
Gruppene møter slik: Ta med drikke og mat. Møt ved inngangen til kinosalen. Sit og vent til gruppa di vert ropt opp.

Kl. 16:00
Hh6
J7+ Li Na Osborg,
Hh 7 + Julijanne VR, Idun Årset, Oda Kriken og Sina Digernes Å.

Kl. 17:00
Hh gut 2
Hh jente 2
Hh3
Hh 4 gut

Kl. 18:00
J3
J6
Hh5
Hh4
Hh5gut

Kl. 19:00
Hh8
Hh10 + Frida Runde og Ingeborg F R
J9/ J10
J11
Hh9

Torsdag 23. mai:
Generalprøve på Ørsta Kulturhus. Med kostymer og håret / sminke etter avtale med Felicia. Oppmøte kl 17 for ALLE.

Fredag 24. mai:
Premiere på Ørsta Kulturhus.
Oppmøte for ALLE med sminke og håret som avtalt med Felicia.
Oppmøte kl 17:00. Ta med drikke som IKKJE set flekkar. Hugs å ete før de kjem. Ikkje lov å ete snop i kostymer.
Premiera startar kl 18. Ferdig om lag kl 20.

Laurdag 25. mai:
Framsyning kl 18:00. Oppmøte kl 17:00. Ferdig kl 19:30.

Sundag 26. mai:
Framsyning kl 16:00. Oppmøte kl 15. Ferdig kl 17:30.

Billettane vert lagde ut måndag 6. mai kl 18:00 på www.orstakulturhus.no

Informasjon om vårshowet 2017

Informasjon om desember 2016

Informasjon om vårshowet 2016

Workshop, vinterferien 2016

Desemberavslutning 2015

Informasjon om vårshowet 2015