ÅRSMØTE I BALLETTSKULEN ONSDAG 3.APRIL 2019 KL 20 PÅ STUDIO. SAKET TIL STYRET MÅ SENDAST SKRIFTLEG TIL ballettskulen@yahoo.no INNAN 29.MARS.

Klassisk Ballett

Klassisk ballett gir ei nydelig holdning og prefekt kroppskontroll. Det er den mest krevjande, men også kanskje den flottaste danseformen, som gir eit godt grunnlag for alle typar dans. I klassisk ballett krevst det meir konsentrasjon og disiplin enn andre danseformer, men likevel er dette eit kurs fullt av kreative og fantasiretta rørsler. Klassisk ballet gir et godt grunnlag for alle danseformer og elevane trener opp smidigheit, styrke, holdning og spenst. Ved metodisk trening og oppbygging av teknikk over tid, er elevane først klar for tåspiss i 13 – 14 års alderen. Ørsta Volda ballettskule har tilbod om timer i klassisk ballett frå 5 år. Vi underviser i klassisk ballett etter RAD-metoden (Royal Academy of Dance).

Moderne dans

Moderne eller contemporary dans er ei spennande og kraftfull danseform som har utvikla seg frå klassisk ballett. Danseforma har røter frå tidleg i vårt århundre, og oppstod som ein reaksjon mot den klassiske balletten. I denne danseforma ønskjer ein  å bruke kroppen på andre måtar og bryte barrierar. Moderne dans er heile tida i forandring.  Alt er lov. Det finst mange ulike teknikkar innanfor moderne dans i dag, og ballettskulen har sett opp fleire tematiske framsyningar for moderne dans. Vi legg vekt på at elevane skal ha eit grunnlag av danseferdigheiter frå andre dansedisipliner før dei startar med denne danseforma. Ørsta Volda  ballettskule har tilbod om contemporary-klassar frå 10 år og oppover.

Jazzdans

Jazzdans er ei danseform med fokus på dynamikk, musikalitet, fleksibilitet, teknikk og uttrykk. Jazzens grunnteknikk kjem frå klassisk ballett og har mange av dei same trekka. I klassene kjem vi mellom anna innom fleire ulike stilar som tradisjonell jazz, musikal, afrojazz. Det er ein fin stil for å lære, bruke og vidareutvikle teknikk, samtidig som du får dansa og utfordra deg sjølv. Ørsta Volda ballettskule har tilbod om timar i jazzballett frå 6 år og oppover.

Hip Hop

I hip hop får elevane undervisning med mykje energi, kombinert med moderne hip hop-musikk. Her kjem vi innom fleire hip hop-teknikkar som  breaking, popping, streetdance, wacking, locking, house, vogue og girly-hip hop. Danseferdigheit innan hip-hop handlar mykje om individuell stil og evne til improvisasjon. Timane vil oppmuntre eleven til å utvikle sin eigen stil og vere komfortabel med å prøve nye ting, og til lære nye kombinasjonar og rutinar utover året. Ørsta Volda ballettskule har tilbod om timar i hip hop frå 6 år og oppover, og vi har eigne klassar for gutar i tillegg til blanda klasser.

rgb_SB1_Sore_Sunnmore_verti_blå
tussa
drive